Dag Frode Tønnesen kan sende Stegaberg til 4. divisjon i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Frode Tønnesen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

I kveld er det alvor «Dagi»

I kveld møtast Stegaberg og Sauda til opprykkskamp i 5. divisjon. Vinnaren av kampen er klar for spel i 4. neste år. Med storskårar Vemund Eskevik i 70 års dag, blir mykje lagt på skuldrane til den tidlegare storskåraren Dag Frode Tønnesen. Kampen går på Frakkagjerd klokka 19.00.

Det har vore ein imponernade sesong for Stegaberg. Dei har vore i toppen fra kamp fire og nå er det berre tre kampar att, før det heile sannsynlegvis endar med eit svært fortent opprykk. Sauda ligg på 2. plass og er nærast sikra opprykk om dei vinn i dag. Stegaberg er garantert opprykk om dei vinn.
Det største spenningsmomentet før kampen er kven som skal skåre for Stegaberg, når toppskårar Vemund Eskevik denne helga er og feirar ein 70 års dag. Svaret kan vere «målkongen« sjølv, Dag Frode Tønnesen. Midtstopparen blir garantert flytta fram som spiss i dag, og det betyr ein ny kamp for trenar Tjormod Ness som midtstoppar.
Stegaberg stiller med komplett mannskap i kveld, om ein ser bort frå Eskevik.
Kampstart på kunstgraset er klokka 19.00 og i kveld bør publikum kjenne si besøkelsetid.

Me er på kampen og det blir alt om kampen omlag klokka 21.15.

PS! Skjold møter topplaget Hinna i Grinde samstundes. Også den kampen blir det referat frå i kveld.