Tankar om språk

I vår tid lengtar mange etter det ekte og nære, noko som òg gjeld språk. Me søkjer det opphavlege og særeigne.

Dialekt er meir nytta i media og reklame enn nokosinne, og talet på nynorskbrukarar aukar i landet. Det siste ti-året har talet auka med over 100.000 (Sentio Research på oppdrag frå Riksmålsforbundet).
Identitet er eit stikkord. Folk forstår verdien av vårt språklege og kulturelle mangfald, og i global målestokk er både nynorsk og bokmål blant dei hundre mest vitale språk i verda. Denne språklege variasjonen i kvardagen er mellom anna ein viktig årsak til at nordmenn flest forstår andre skandinaviske språk betre enn svenskane og danskane gjer. Eg har sjølv blitt tilsnakka på engelsk både i Stockholm og København; det er regelen heller enn unntaket. Nyttar det å fortsetja på norsk? Ikkje alltid…
Reint pedagogisk er det best at det fyrste skriftspråket ligg nært talemålet, og Tysvær-dialekten ligg heilt klart nærast opp til nynorsk. Det er ein styrke for elevar å ha nynorsk i botn og seinare læra bokmål «gratis» som sidemål. I følgje Lesesenteret sin statistikk presterer nynorskelevar like godt og stundom betre enn bokmålselevar i nasjonale prøvar i lesing. Dette skjer trass i massivt bokmålspress. Slik kan dei meistra begge skriftspråk, noko som kjem vèl med i seinare yrkesliv.
Det er eit poeng å koma tidleg på banen – helst i barnehagen med nynorske tekstar, songleikar og rim. Barn er mottakelege for alle slags dialektar og språk. Dei har ingen språklege fordommar og bør sleppa å oppleva slike! Me veit at språkleg mangfald fremjar kognitive evner totalt sett. Fleire forskargrupper i Lærande regionar ser no på det faktum at nynorskelevar i Sogn og Fjordane gjer det svært godt på nasjonale prøvar i mange fag.
Men kva meiner me som foreldre og kva meiner skulen i praksis med omgrep som respekt og toleranse for språkleg mangfald? Sjølv lærte eg nynorsk på folkeskulen, men norsklæraren på realskulen i Haugesund var ikkje sein om å overtala oss elevar «frå landet» til å velja bokmål. I staden for å forankra og utvikla nynorsk inn i gymnas, yrkesutdanning og arbeid, skjedde det altså her ein rein boikott-aksjon. Me forstod det ikkje den gongen, og det er fyrst dei seinare år eg har vendt tilbake til nynorsk. Ikkje utan omkostningar, men det opplevast òg forfriskande og utviklande.
Frå landet, ja… Nynorsk er tufta på dialektane våre som har sitt opphav i ein levande og rik bygdekultur. Det ekte og nære. Noko anna enn dansk administrasjons- og embetsmannspråk gjennom 400 år, som vart grunnlaget for riksmål og seinare bokmål. Dette siste gav makt og status, det handla jo om kontroll og styring. Men er det ikkje på tide å verdsetja vårt eige mål i større grad? Sjå langt fram og ta vare på den språklege rikdomen, halda i hevd gamle uttrykk og vendingar som ofte er svært treffande og nyanserte. Motsatsen er forenkling og standardisering og eit fattigare språk. Og språk og tanke høyrer saman, slik språk og makt gjer det.
Alle nyare styringsdokument om språk i Noreg, slår fast at det er eit overordna mål at Noreg skal ha to sjølvstendige skriftmål i framtida: St.meld. nr. 35 2007-2008 Mål og Meining, St.meld. nr. 23 2007-2008 Språk bygger broer, St.meld. nr. 30 20003-2004 Kultur for læring. Det er brei politisk semje om dette, og då må me venta at styresmaktene så vel som skule og foreldre og mange andre støttar opp om denne visjonen. Me i Tysvær Mållag vil bidra på vårt vis, mellom anna ved å engasjera oss i debatten om skulemål, arrangera oppfriskingskurs i nynorsk og invitera Sylfest Lomheim og Ottar Grepstad til bLEST-festivalen. Velkomne, godtfolk!

Synnøve Bredal Bjelland
Tysvær Mållag