Kven opplev stang ut i kveld. Sauda, Stegaberg eller Ølen? Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kven opplev stang ut i kveld. Sauda, Stegaberg eller Ølen? Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Opprykksdrama held fram i kveld

I går blei Hinna klar for 3. divisjon, då dei vann 8-1 mot Sola 2 i 4. divisjonsgruppa til SKjold. Skjold kjempar om 5. plassen. I 5. divisjon kan alt avgjerast i kveld.

4. divisjon
Hinna, som slo Skjold 1-0 sist helg, imponerte stort heime i går kveld. Med vannvittige 36 plussmål meir enn Vedavåg, er løpet kjørt for Karmøy-laget, som skal til Grinde neste helg i siste serierunde.
Skjold har så pass mykje betre målsskilnad enn både Sola 2 (to poeng føre) og Sunde (eit poeng føre) at det framleis er håp om ein sterk 5. plass i den tøffe pulja. Då må dei slå Randaberg 2 i kveld, og helst ta poeng mot nettoppp Vedavåg, heime neste helg.

5. divisjon
Der er det drama både i topp og botn. Får Stegaberg poeng mot Ølen i kveld og Sauda gjer det same heime mot Etne, ja så rykkjer dei opp begge to. Både Ølen og Leirvik har ein mikrosjanse til å øydelegge dette.
Leirvik speler ein vanskeleg kamp mot ustabile Karmsund på måndag.
Falkeid har lange vore dømt ned, men har framleis teoretisk sjanse til å ta igjen Vedavåg 2, som dei møter på måndag. Vinn dei 3-0 står laga likt i målskåren, men Karmøy-laget har framleis tre poeng meir. Det betyr at Falkeid må vinne seriefinalen mot Ølen, helga etter. Om Stegaberg og Sauda rykker opp i kveld, kan det bli ein heilt open kamp i Ølen.

7. divisjon
Nedstrand kjempar framleis om 3. plassen. Dei er nå berre eit poeng bak Avaldsnes 2, som har mista mykje av «piffen». Mot relativt svake Bømlo bør det bli tre nye poeng. Så ventar botnlaget Ferkingstad 2 i siste serierunde.
Stega 2 har funne seg ein plass midt på tabellen. Der blir dei. Siger mot Ferkingstad 2 og Haugar 3, noko dei bør klare, kan sende dei opp på ein OK 6. plass i debutsesongen.