Alexander Rødeseike Lundgård fekg klippe over bandet som markerte opninga av Tanken på Frakkagjerd. Victor Nilsen (t.v.) og Joar Skorpe hjelpte til. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Alexander Rødeseike Lundgård fekg klippe over bandet som markerte opninga av Tanken på Frakkagjerd. Victor Nilsen (t.v.) og Joar Skorpe hjelpte til. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Så var Tanken offisielt opna

Det har vore tendensar til både kø og tom tank allereie. I dag kunne Joar Skorpe endeleg offisielt opne Tanken på Frakkagjerd og bensin- og kundekrigen er i gong.

– Det har vore hektisk aktivitet på nettet dei siste dagane og eg er overbevist om at folk vil ha Tanken her vidare. Så i dag har me opning av «prøvetanken», medan eg allereie på måndag går i gong med papirarbeidet og søknaden om ein fast tank. Kjekt å sjå at så mange har funne vegen til denne litle markeringa, smilar Joar Skorpe.

Dette er eit konsept kor me tar vekk «alt» som kostar pengar

Etter stor suksess på andre sida av Boknafjorden etablerar nå nedstrendingen seg på Frakkagjerd, på Lakkservice si tomt.
– Dette er eit konsept kor me tar vekk «alt» som kostar pengar. Det gjer at me kan halde ein jamn låg pris på drivstoffet og det er folk svært intressert i. Så får me sjå utover korleis det blir. Akkurat nå jobbar eg med å ha lokale sjåførar klare med meir drivstoff etter kvart som det går tomt. det er for dårleg nå det skjer, seier Joar Skorpe.

Les meir om Tanken og bensinkrigen i Tysvær i papirutgåva.