Butikken er stasjonert på Aksdal senter og dagen blir feira i butikken med kake og kaffi til alle som kjem innom. Galleri Normisjon Aksdal har eit bredt utval av varer for heim og hobby; møblar, husgeråd, antikvitetar, bøker og mykje anna.
Galleri Normisjon Aksdal er som del av Aksdal senter, sentralt plassert i kommunen. Gjenbruksbutikken er driven på frivillig basis med rundt 50 personar engasjert i arbeidet. Galleri Normisjon Aksdal gir halvparten av omsetninga til to arbeidsfelt i Normisjon: Stemnestaden leirstad i Tysvær kommune og ferdigstilling av eit sjukehus for fattige i Okhaldhunga i Nepal.
Galleri Normisjon Aksdal opna som den sjette av dei sju gjenbruksbutikkane Normisjon no har. Dei andre butikkane er plassert i Oslo, Sandnes, Askøy, Iveland, Gjøvik og Sørumsand i Akershus. Gjenbruksverksemda er i vekst og vil i 2015 nå ei omsetning nær 5 millionar kroner, som er ny rekord. Fjoråret gav ei omsetning på vel 3,5 millionar kroner.
Normisjon har under årets generalforsamling vedteke å utvikle Galleri Normisjon ytterlegare. Etter planen skal ein starte to nye butikkar i 2016 og to i 2017.
Innsendt av Normisjon