Julie Pedersen Mæland, Sølve Østbø og Thomas Hundseid Eikeland i bilcross junior hadde alle 27 poeng etter dei innleiande omgongane, og stod fremst i starten i finalen. Sølve var raskast ut i starten framfor Julie. Litt ut i finalen kom Thomas seg forbi Julie, men Sølve kunne kjøra inn til ein kontrollert seier. Thomas kom på andreplass og Julie tredjeplass. Mathias Skrunes kjørte inn til fjerdeplass i sitt aller første løp etter først å ha vunne B-finalen.
I dameklassen dominerte Heidi Steine, og berre ein liten snurring i den eine omgongen gjorde at ho ikkje vann alle dei innleiande omgongane. I finalen gjorde ho ingen feil og vann suverent framfor Veronica Olsen og Ruth Kjerstin Strand Eikeland.
Trygve Hustvedt Lærdal var best i dei innleiande omgongane i bilcross senior. Han tok og oppskriftsmessig leiinga i finalen. Leiinga såg rimeleg trygg ut, men i siste runde vart han litt for ivrig og fekk ein liten snurr. Det var nok til at Per-Gaute Østbø akkurat kom seg forbi og sikra seg seieren. Trygve tok andreplassen medan Michael Jensen tok tredjeplassen.
For NMK Vikedal, Svein Erik Østbø