Skatteoppgjeret viser resultatet av Skatteetaten si behandling av sjølvmeldinga. Det viser om skattytaren har betalt for mykje eller for lite skatt i løpet av inntektsåret 2014. Over 3 millionar, eller 8 av 10 skattytarar fekk skatteoppgjeret sitt i juni.
Færre har pengar til gode
Fordelt på 340 297 skattytarar i Rogaland, er det utrekna 46,8 mrd. kroner i skattar og avgifter. 261 751 skattytarar får i snitt kr 14 369 tilbake. I 2013 hadde 269 174 skattytarar pengar til gode, noko som gjennomsnittleg var kr 15 240 kvar.
Fleire med restskatt
Fleire skattytarar i Rogaland får restskatt. Totalt 72 339 skattytarar må til saman betale 1,85 mrd kroner, eit snitt på kr 25 662 kvar. I 2013 fekk 60 061 skattytarar restskatt på kr 1,67 mrd, som i snitt var kr 27 960 på kvar skattytar.
Skattelistene for 2014 blir tilgjengelege på skatteetaten.no den 16. oktober.
Viktig å sjekke skattekortet
− Mykje kan endre seg i din personlege økonomi gjennom året. Det kan slå ut på skatteoppgjeret ditt, om du får pengar att eller restskatt. At skattekortet ditt er rett er viktig for å få eit mest mogleg korrekt skatteoppgjer. Det er viktig å endre skattekortet viss du til dømes kjøper nytt hus eller har blitt pensjonist, seier avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal, Fastsetjing i Skatt vest.
Du kan endre skattekortet ditt elektronisk på skatteetaten.no
To grupper vil framleis få skatteoppgjeret berre på papir; dei som har status «reservert» og dei som ikkje er i registeret. Publikum kan oppdatere sin digitale profil på www.norge.no.
Restskatt og pengar til gode
Restskatt under kr 1 000 skal betalast innan tre veker etter skatteoppgjeret er klart. Er beløpet meir enn kr 1 000, blir restskatten delt i to terminar. Desse skal betalast innan tre og åtte veker etter at oppgjeret er klart.
Skattytarane må betale restskatt sjølv om dei har sendt klage på likninga. Klagefrist er seks veker etter at skatteoppgjeret for inntektsåret 2013 er klart. Skattytarar som får pengar igjen, får normalt pengane på konto innan to veker etter at skatteoppgjeret er motteke.
Levert av Skatteetaten