Stega 2 er klare til å avslutte sesongen mot Haugar 3 i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Stega 2 er klare til å avslutte sesongen mot Haugar 3 i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Me rundar av fotballsesongen live frå kl 20

Fotballsesongen 2015 er i ferd med å gå over i historia og i kveld rundar 7. divisjon av seniorfotballen. Nedstrand kan ta 3. plassen og Stegaberg 2 ønskjer å avslutte med ein siger.

Fleire (overraskande mange faktisk) har ytra eit sterkt ønskje om å få oppdateringar live, slik at dei kan kose seg på vakt, enten i Nordsjøen eller andre stadar.
Det er eit ønskje me kan oppfylle i kveld.

Nedstrand har eit håp om at dei vinn over Ferkingstad 2 heime og dermed passerar Avaldsnes 2, som skal ut i ein vanskeleg bortekamp mot ustoppelege Åkra 2.

Stegaberg ligg litt lenger nede på tabellen, men kan håpe på ein 6. plass, eller det som er mest realistisk ein 7. plass.
Anders Økland Nyvoll har vist storform dei siste vekene og det skal bli spanande å sjå kva lag Haugar 3 klarar å skrape i saman i kveld.

Om du ikkje kan så kampane live på «Kunsten» eller på «Theater of farmers» så klikk deg inn og bli med oss utover kvelden.
Me startar LIVE-oppdateringa ca 19.45

.

Siste serierunde

7. div. avd. 3
20.10 klokka 20.00
Stegaberg 2 – Haugar 3
Nedstrand – Ferkingstad 2
Sveio 2 – Karmsund 2
Tiger – Vats 94/Skjoldar 2
Åkra 2 – Avaldsnes 2