– «Vil ha alt på bordet»

Berre ordet «rusbustad» buttar imot for meg. Det er bustader for menneske med samansette vanskar det handlar om. Men nok om det.

Snart eitt år er gått sidan eg sist ytra meg i TB i denne saka. Då var bodskapen min til politikarane at dei menneska dette tiltaket er retta mot, og deira næraste, må få delta med sin kompetanse, si erfaring – og sine ønske.
«Alt skal avklarast før me gjer eit vedtak», seier ordførar Stakkestad til TB 15.10 og vidare at det trengst ein ny runde med lensmann Tjøsvoll og naboar. Menneska saka handlar om blir ikkje nemnt. Ved utgangen av 2014 – etter månader med drøftingar i kommunestyret – hadde ikkje brukarane sjølve, eller dei som står dei nærast med helsehjelp og omsorg, fått delta med sin kompetanse i debatten.
Derfor spør eg på ny: har det no vore dialog med dei menneska dette handlar om?
Vedtak skal no gjerast av eit nytt kommunestyre med Arbeidarpartiet i førarsetet og Høgre med to hender på rattet. Stakkestad – som har gått av når vedtaket no skal fattast – oppfordrar det nye mannskapet til å vise mot og stå rakrygga.
Dette er ei viktig påminning. For det krevjast både verdiforankring og mot om dei rusmiddelavhengige og alle som har samansette vanskar, skal møtast med respekt og omsorg.

Målfrid Tjoland Kolnes
Høgskulelektor HSH