Hitparade
Kva så med songane. Første gong det tok av varalt på song nummer fire «13 humler».
Øyvind Staveland fortel:
– Det er måndag kveld i storsalen på Tysværtunet. Allereie etter eit par songar er alle i salen med. Heilt fantastisk oppleving for oss på scena. Ikkje rart me er glad i spele i Tysværtunet.
Så eit par nye, godt tatt i mot før det blei heilt stille.
«Men går eg øve engene» lista seg gjennom salen til eit av kveldens mange høgdepunkt. Det var magisk nokre minuttar. Eit sterkt møte med flyktningsongen «Passasjerane», og Toft klimpret i gong på «Tir na Noir». Folket i salen var med, det var litt annleis, men det var slik songen skulle vere. Eit par kikka forsiktig bak teppet og så etter ei kvinne, men Toft klarte seg aleine. Sjølvsagt gjorde han det.
Ikkje lenge etter kom kvelds toppsong for oss: «På bredden». Ai, ai, ai.
Mykje moro
Jan Toft var i storform og leika seg gjennom songar som «Hønsahus» og «Malaren», før ein blytung versjon av «Månemannen» avslutta det heile.
Eller, når alle landets aviser har fått med seg at det kjem ekstranummer, så gjer det nettopp det.
Ein nydeleg versjon av «Ferskenblomsten» før Odin Staveland leika seg gjennom publikumsfavoritten «Liten fuggel».
– Me er utruleg takknemleg for at folk har gitt oss så mange gode tilbakemeldingar på turnen og på plata. Eigentleg er me litt overvelda for det er ikkje alltid lett å starte på heimebane. Nå skal me vidare og kjem nok til å bytte inn og ut nokre av songane. Folks akl få det dei vil ha, men me har så mykje som fungerar bra og som karane bak her vil spel, avslutta ein tydeleg godt nøgd Øyvind Staveland.
Og det har han og bandet all grunn til. Vamp har levert nok ein gong, til full sal sin store begeistring.
Alf-Einar Kvalavåg
Vanp i Tysværtunet
KONSERT
Vamp
Tysværtunet
Fullt hus
1.45 min.
Alt det beste frå det meste.
Vamp er: Øyvind Staveland Fele, bratsj, fløyter, vokal, kor
Jan Toft Vokal, akk. gitar, kor
Odin Staveland Vokal, slagverk, trekkspill, piano, kor
Bjørn Berge Dobro, banjo, gitar, vokal
Kjetil Dalland, Bass
Lars Eirik Støle: Hammond og diverse