Avtroppande ordførara Harald Stakkestad var ein av dei som fekk sin medalje etter 24 år i kommunestyret. Det same har Emly Aarvik, medan Arne Gjerde fekk etter heile 36 år som lokalpolitikar.
– Det var ein fin seanse i kulturhuset kor me mimra litt, hadde middag og det bvar ei rekkje med talar. I tillegg altså medaljeutdelinga. Alle dei som nå går ut av kommunestyret fekk også ei gåve frå Tysvær kommune, seier Stakkestad.

Fekk sine fortente medaljar
Under kommunestyret sin avskjedsmiddag på Tysværtunet, onsdag fekk tre av dei som når trer ut av kommunestyret sine fortente KS-medaljar.