Livet tar og livet gir

Sundag er det «Allehelgensdag», dagen for å minnast dei me har mista.

Mange nyttar denne dagen til å tenne lys på gravene og bla i minnebøker. Det er vanskeleg å skjøne det med døden. Ordet kvifor går igjen.
Kvifor mine? Kvifor nå?
Denne veka var eg i gravferd til ein nær slektning. I eit kort augeblikk blei eg sittande i kyrkja å tenke kva som var meininga i at ein 40 år gamal familiefar plutseleg skulle dø. Ordet kvifor kom snikande.
Eg blei sittande å sjå på dei aller næraste. Korleis dei takla sorg og fortvilinga som hadde råka dei så brutalt berre nokre dagar tidlegare.
Presten fortalte om ein humørspreiar, ein ja-mann og eit familiemedlem alle hadde satt stor pris på. Han fortalte ei historie som garantert vil vere eit godt minne om ein person som hadde gitt sitt for familien.
På sundag skal me minnast alle dei som har gått bort. Dei som brutalt har blitt tatt frå oss, eller som me har følgt på vegen, og som har blitt borte for oss bit for bit.
Me skal minnast dei gode opplevingane me har hatt. Om kor viktig rolle dei spelte inn i liva våre, og kor stort saknet er. Det kan vere ein far, ein son, ei dotter eller ei mor. Kan hende ei tante eller ein litt fjernare slektning som betydde mykje. Eller ein nabo, lagkamerat eller kollega. Alle er det verdt like mykje, også etter sin død.
Mange tenker nok på dei som har gått bort langt oftare enn denne eine sundagen i året. Me er bygd slik. For livet tar og livet gir, det er lite me kan gjere med det. Me er ofte som eit lys for kvarandre, og me må prøve alt me kan for å skinne sterkt før lyset brenn ned. Slik er livet og slik er døden.
I vårt samfunn er det mange som er flinke å tenke på andre lenge før dei dør. Me går på besøk, me sender ein melding og me ringer. Men tidsklemma pressar og stressar oss stadig meir. Me vil så gjerne, men så var det dette med tida.
Plutseleg er dei borte. Skuldkjensla kjem snikande og igjen dette forferdelege ordet kvifor.
Sundag er derfor ikkje berre ein dag for minner og minnebøker. Det bør også vere ein dag for besøk, kor me tar oss ein tur til dei me er glade i. Er avstanden for stor går det ann å slå på tråden.

Husk å skinne sterkt før lyset brenn ned.
God «Allehelgensdag».

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør