Frå venstre: Eirik Ramsdal, Jonas Harboe, Konrad Vikra, Johannes Ørke Nes.
Frå venstre: Eirik Ramsdal, Jonas Harboe, Konrad Vikra, Johannes Ørke Nes.

Teknisk lego i Straumen

Dei programmerer, dei bygger avanserte legokonstruksjonar, dei tenker nytt og miljøvennleg. Kven er dei? Dei kallar seg berre Slusegjengen.

Av Erlend Bjelland
Snart skal dei konkurrera mot resten av Haugalandet i First Lego League.
Ikkje sidan legoen kom til Skjoldastraumen på midten av 90-talet, har det vore så stor entusiasme rundt dei mangefarga byggeklossane. Men no er det ikkje politistasjonar og flyplassar som blir bygd, men ein teknisk innvikla robot. Kameratgjengen Johannes Ørke Nes, Konrad Vikra, Jonas Harboe og Eirik Ramsdal, alle 11 år, deltek i konkurransen på andre året.
To gonger i veka møtest dei heime hjå Konrad, som har brettet strategisk plassert midt i stova. Til programmering og forskingsdelen får dei låne datautstyr på Straumen skule.
– Men det må nok blir oftare etter kvart, for det er ikkje lenge til konkurransen, seier Eirik. Den 7. november skal dei Haugesund, og Håvåsen skule, for å konkurrera mot 15 andre lag frå heile Haugalandet. Går det bra der, hamnar dei i Skandinavisk finale i Nordlandsmetropolen Mo i Rana.

Les heile saka i papirutgåva.