Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Det viktigste av alt uviktig

I kveld kjem Thomas Aune, Aleksander Schau og Egil Østenstad til Skjoldhallen. For å snakke om det viktigste av alt det som ikke er viktig; engelsk fotball.

I 12 år har Thomas Aune og Aleksander Schau jobba med fotball. Slik blir det bøker av.

Denne gongen er det engelsk fotball som er satt under lupa. Ei slags historisk bok.
– Me har samla saman historier frå engelsk fotball, historier ein neppe finn i andre historiske verk om balløya. Me har kalla den for «Det vakre spelet. Engelsk fotball historie (utan alt det kjedelige)». For å seie det litt enkelt, mykje ein ikkje trudde var sant, men som er blitt ein del av fotballhistoria gjennom mange hundre år, seier Aleksander Schau.
Litt av kvart
Boka som kom ut denne veka inneheld litt av kvart, for seie det mildt.
– Etter å ha studert dette Aleksander, kor ille er det?
– Ille.
– Nesten vanskeleg å vite kva ein skal ta med?
– Ja, faktisk var det hendingar me ikkje tok med. Det måtte settast ei grense. I boka har me historier som er skikkeleg gamle, men også fleire opp til dagens fotballiv. Her er det snakk om spelarar som mange, også blant dagens unge, vil kjenne igjen. Eit av dei mest kjende bileta frå engelsk fotball er på omslaget av boka vår. Vinnie Jones som tar eit realt grep om «juvelane» til «Gazza». Du kan seie det slik at det er nok ein del namn som går igjen når ein leiter etter historier i engelsk fotball, seier Schau.

700 kampar
I Skjoldhallen i kveld blir det sjølvsagt lest historier frå boka. Ein skal også snakke om korleis boka blei til og om det kjem meir frå duoen, som mellom anna er kjent frå FC Fotball på fjernsynet.
– Sjølv er eg heilt hekta på fotball og ser omlag 700 kampar i året. Hadde nettopp ei seriøs oppteljing, og blei litt overraska sjølv over at talet var så høgt. Så fotball er viktig for meg og for oss. Engelsk fotball famnar svært mange, og eg håper me får til ein fin samtale med dei som kjem, seier Aleksander Schau.

Østenstad
Ein av gjestene er Torvastad sin store fotballson Egil Østenstad. Han har mellom anna vore toppskårar i Southampton, og har både levd med og opplevd ein del av personane som er komme med i boka.
– Det var kjekt at Egil ville vere med. Han bør ha ein del sladder å bidra med. Det skjedde mykje i engelsk fotball i den perioden han var med, så det skal bli spanande å høyre kva han har å fortelje. Det spesielle med historier frå engelsk fotball er at så mange har ein knagg å henge dei på. Det er vel knapt nok ein nordmann som ikkje har eit favorittlag der borte.
– Kanskje ikkje alle historiene dei er like stolte av?
– Nei, det ein del alvorlege ting i boka, som nazisympati, rasisme og faktisk folkemord som tema. Slett ikkje alt som har skjedd i engelsk fotball er til å vere stolt av. Likevel engasjerer det stadig nye generasjonar nordmenn. Det er fasinerande, seier Schau.
Bok- eller fotballbadet skjer i lokalene til Skjold IL i Grinde. Forfattarane lovar at det er eit arrangement for alle.
– Me skal halde oss i skinnet. Når me begynner å snakke fotball er det som om nokon har putta pengar på oss. Slik er det vel med alle fotballfans. Me håper me treff mange engasjerte, og at boka vår faller i smak. Det er i alle fall ikkje ei typisk fotballbok ein har fleire av heime, det kan eg love, avsluttar Aleksander Schau.