Skjermbilde 2015-10-30 kl. 10.46.29

Over 10.000 heilt utan arbeid i Rogaland

Arbeidsløysa i Rogaland aukar og ved utgangen av oktober står 10 273 personar heilt utan arbeid. No har Rogaland høgast arbeidsløyse i Noreg saman med Aust-Agder. I Tysvær har det auka til 122 personar, noko som er 21 fleire enn på same tid i fjor.

Arbeidsløysa er no 4,0 prosent av arbeidsstyrka i og samanlikna med oktober 2014 har arbeidsløysa auka med 79 prosent. Sist Rogaland hadde ei arbeidsløyse på 4,0 prosent var i februar 2004. I Noreg er no 79 974 personar registrert som heilt arbeidslause hos NAV. Dette utgjer 2,9 prosent av arbeidsstyrken.

Summen av dei som står heilt utan arbeid og dei som er i arbeidsretta tiltak gjennom NAV utgjer i oktober 4,5 prosent av arbeidsstyrka i Rogaland. 1228 personar er ved utgangen av oktober i eit arbeidsretta tiltak.

– Sett i lys av dei signala me får frå næringslivet i fylket så forventar me at arbeidsløysa vil fortsette å auke i tida som kjem, og NAV kontora jobbar for fullt for å møte utviklinga i arbeidsmarknaden. Men sjølv om arbeidsløysa aukar må me ikkje gløyma at om lag halvparten av dei som registrerar seg som arbeidssøkjarar får jobb igjen etter tre månader, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Koplar arbeidsgjevarar med arbeidssøkjarar
– I enkelte delar av landet er det reduksjon i arbeidsløysa og stor tilgang på ledige stillingar. Mange av dei som mistar jobben no har høg kompetanse og er attraktive på arbeidsmarknaden både i Noreg og i utlandet. NAV Rogaland arrangerer derfor fleire møte og jobbmesser for å kopla arbeidsgjevarar saman med arbeidssøkjarar i Rogaland. Både Danmark og Sverige etterspør ingeniørar, og me veit at det har vore vanskeleg for arbeidsgjevarar i delar av Noreg å få tak i blant anna elektrikarar. Å legge til rette for arenaer for å synleggjere kor det er mogleg å få jobb er viktig for oss no, stadfestar Nordahl.

Industri, bygg- og anlegg og ingeniør- og ikt-fag
Flest arbeidslause er det i yrkesgruppene industri (1821), bygg- og anlegg (1644 personar) og ingeniør- og ikt-fag (1535 personar). Arbeidsløysa stig og mest i desse yrkesgruppene. Flest arbeidssøkjarar er mellom 30 og 39 år.

Arbeidsløysa aukar mest i Stavanger-regionen
Haugesund kommune har høgast arbeidsløyse med 5,3 prosent. Sandnes har 4,9 prosent, Stavanger har 4,2 prosent arbeidsløyse medan Gjesdal har 4,1 prosent arbeidsløyse. Strand og Sola ligg på fylkessnittet med 4,0 prosent. Arbeidsløysa aukar i alle kommunar, med unntak av Vindafjord.

Ledige stillingar
921 stillingar vart lyst ut i Rogaland i oktober. Dette er ein nedgang på 27 prosent samanlikna med oktober i fjor. Totalt i Noreg vart lyst ut 13 985 stillingar, som er 6 prosent fleire enn på same tid i fjor.