Kenneth Kristiansen vann vår tippekonkurranse i 2015. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Kenneth Kristiansen kan få sin debut for Stegaberg i kveld. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Tok pause og vann

Kenneth Kristiansen har i ei årrekkje vore fast på Falkeid sitt a-lag. Men ikkje i år. Pausen nytta han til å vinne vår tippekonkurranse. I kamp med hundrevis av andre kan han nå sjå fram til ein ferie med GoTo…

I år tok det heilt av på nettet i vår tippekonkurranse. Over 5.000 sidevisningar og nær 900 kupongar vitnar om stor interresse for lokalfotballen.
Og vinnaren bør kjenne lokalfotballen ekstra godt. Denne sesongen har fotballskoa fått kvile, men ein kupong og to fikk han sendt inn.
Og ei veke var det fullklaff.
– Dette var kjekt. Eg er Manchester United fan, men har aldri sett dei live. Nå har eg ein mulegheit til det, seier Kristiansen.
I ein sesong kor det slett ikkje var lett å tippe, prikka Kristiansen inn fire rette tips, og fekk seg ein vinnarkupong.
– Eg er ikkje ein som tippar så mykje. Ikkje speler eg på Oddsen eller vanleg tipping. Men eg har sendt inn ein del kupongar på Bygdebladet i år, og det å bli trekt ut blant så mange var kjekt. Nå får eg klikke meg inn på GoTo og sjå kva dei har å by på, seier kenneth kristiansen.

Premien var eit gåvekort på 5.000 kroner.

Gjer som Kenneth og sjekk ut http://www.goto.no. Der er det mykje meir enn fotball og reise på.