Det nyvalte formannskapet stemte over kommunereformsaka på tysdag.
Det nyvalte formannskapet stemte over kommunereformsaka på tysdag.

Droppar eigen folkeavstemming

Ønskjer tysværbuen å bli del av ein storkommune, eller forbli aleine? Dette får ikkje innbyggarane uttale seg om. I alle fall ikkje i denne omgangen. Politikarane droppar ei folkeavstemming i budsjettet for 2016.

Av Mona Terjesen
I følgje budsjettframlegget til rådmann Arvid S. Vallestad, så meiner han at det ikkje er nødvendig å bruke pengar på ei folkeavstemming i kommunen.
– Med bakgrunn i den politiske debatten i Tysvær, har eg ikkje sett av midlar til ei folkeavstemning i budsjettforslaget mitt for 2016. Kostnader i forbindelse med ei folkeavstemning vil ligge på 100 – 150.000 kroner. Opinionsundersøkingar kan koste tilsvarande, avhengig av omfang. Då media etter alt å døme kjem til å «ta pulsen på folkevilja» gjennom nye innbyggar- og næringslivsundersøkingar, er eg også skeptisk til å bruke pengar på dette. Eventuelle slike undersøkingar kan i staden vurderast i etterkant av høyringa våren 2016, seier han.
Dette stemte også politikarane i formannskapet samrøystes for på tysdag.