Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Flyktningane på plass

Tysdag kveld kom dei første 70 akuttflyktningane til Tysvær.

Av Mona Terjesen
Måndag blei det kjent at flyktningane kjem denne veka. Omlag 70 prosent av dei er einslege menn, resten er familiar.
– Eg snakka med regionsdirektør i UDI, Atle Berge i dag, og han kan fortelje at det kjem til å komme omlag 100 personar, rundt 70 prosent av desse vil vere menn og resten familiar. Tysvær Kro og Motel har inngått ein kontrakt med UDI, og det dreier seg om «akutt innkvartering». Det vil i utgangspunktet bety eit tilbod der asylsøkarar får kost og losji for ein kort periode – før dei blir etablert i ordinært asylmottak, fortel ordførar Sigmund Lier måndag ettermiddag.
Det er Tysvær Kro og Motel ved eigar Tom B. Ivarsen som er driftsoperatør og har ansvar for mottaksdrifta og oppfølginga av asylsøkarane. Tysvær kommune er vertskommune og skal gi dei tilbod om helsetenester. Ivarsen har inngått samarbeid med Bjørn Gerry Viksund i Inventum om samarbeid rundt drifta.

Les heile saka i papiravisa eller kjøp den her: https://tysver-bygdeblad.no/e-avis/