Kva skal me seie?

Helga blei eit nytt svart kapittel i Europa – og spesielt Frankrike si historie. Dødstala stig, politiet aksjonerer og nye bomber regnar over Syria.

I dagens medieverd er det ikkje vanskeleg å følge med. Skott og blod. Fortvila menneske, og blomar fyller både aviser og fjernsynsskjermar. Me er med tett på. Me kjenner også på smerten over at heilt uskuldige menneske blir meidd ned, i det som står fram som ein religionskrig utan limit.
Samstundes kjem det stadig nye flyktningar til Noreg. Også til Tysvær. Det blir opna dører og gitt hjelp. Samstundes blir det spreidd propaganda både for og imot. Me står der midt imellom. Kva skal me meine? Kva skal me seie?
Sjeldan har nyansane i dette kaoset vore større. Det kan stillast mange gode og viktige spørsmål om kvifor dette skjer i Frankrike – nå igjen. Ein må også heilt klart kunne stille spørsmålet «om dette kunne ha skjedd i Noreg».
Dessverre vil ein nok ikkje få gode nok svar på desse spørsmåla. Det er for mange lause trådar å samle. Ein kan skulde på IS så mykje ein vil, berre for å konstatere at løysinga ikkje er så enkel. Ein kan skulde på Vesten sin inngripen i Midtausten, nok ein gong berre for å få slått fast at heller ikkje det gir svar på det som nå skjer.
Også i komplekse saker kjem det ringverknadar som ein heller ikkje skjøner noko av. Når dette blir skrive er skular i Noreg stengt på grunn av bombestruslar, lagt ut anonymt på populære nettstader. Væpna politi står vakt og skaper uhygge i elles så fredelege nærmiljø. Ein legg ut hatmeldingar og truar med både det eine og det andre. Folk vil både skremme, og samstundes ha hemn. Ein er sterkt imot det som skjer, samstundes som nettroll sitt heime og leikar seg med både truslar og det som verre er.
Kvifor gjer me det? Kva er det med oss?
Nå skjer dette over heile verda, så noko norsk særpreg er det ikkje. Likevel vitnar dette heilt klart om kor uoversiktleg dette er. Eg trur me må ta i eit tak nå, og få gjort det heilt klart for våre eigne, at dette er alvor, at dette ikkje er noko ein leiker med. I eit tid kor Europa står ovanfor eit trusselbilete ein ikkje har sett i moderne tid, kan me ikkje «leike» anonymt på nettet.
Når det er sagt, så åtvarar politiet mot å tru at det ikkje finst personar også vår landsdel som støttar dei hendingane som nå har skjedd, og som frydar seg over alt det som hender i etterkant. Det er dette terroristar ønskjer å oppnå. Dei vil skremme, gjere det utrykt og få oss til å vere urasjonelle mot kvarandre.
Ikkje la dei få oppnå det.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør