Espen Eriksen (t.v.) var tilbake i Avaldsnes kyrkje, kor han for nokre år sidan var vikarorganist. Denne gongen hadde han med seg Gunnar Halle på trompet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Eriksen (t.v.) og Gunnar Halle er vår julegåve til alle dei som kan komme seg på julelunsjkonsert den 18. desember.

Ei vakker julegåve til deg

18. desember arrangerer me saman med Tysværtunet «Julelunsjkonsert» med Espen Eriksen og Gunnar Halle. Det blir julegåva frå oss til alle tysværbuar, som vil og kan komme på gratiskonsert midt på dagen.

Duoen har fått svært mykje ros for juleplata «Mediations On Christmas», og i kafeen i Tysværtunet speler dei heile konserten som er bygd rundt denne plata.

Nytt tidspunkt
Denne gongen bli julelunsjen litt seinare enn dei vanlege lunsjkonsertane våre. Duoen går på scenen omlag 12.15, så merk tiden og gjer gode avtalar med arbeidsgivaren din.
Frå klokka 11.00 går det ann å få kjøpt seg grøt i kafeen og det kan lønne seg å vere tidleg ute om ein vil ha god plass.
For etter dei to albuma «Mediations On Christmas» og «Psalm» har folk verkeleg fått bade auger og øyrer opna for nydeleg samspel mellom trompet og piano.

Gåve
Lunsjkonsertane har vore ein stor suksess med flotte opplevingar og mykje folk til stades.
– Folk har verkeleg vist at dette er eit tilbod som dei ønskjer. Det same gjeld responsen frå artistane. Fleire har allereie kontakta oss om det blir ein ny sesong, seier redaktør Alf-Einar Kvalavåg i Tysvær Bygdeblad.

– Folk har verkeleg vist at dette er eit tilbod som dei ønskjer

– Dette har vor eit fint tilskott til det tilbodet me har i Tysværtunet. Eg trur dette er god merkebygging både for oss og lokalavisa. Så får me det til, så kan det fort bli ein runde til, seier kulturhusleiar Øystein Simonsen.
At ein klarar å få på plass grindebuen Eriksen til å skape julestemning er stort. I fjor leverte dei to til terningkast fem i Aksdal Kyrkje. Plata «Psalm» fekk seks av oss, og juleplata har seldt så godt at ein har måtte trykke opp nytt opplag. PLata er sjølvsagt å få kjøpt i Tysværtunet den 18.

Då juleplata kom ut i 2010 hadde me ikkje funne fram terningane våre, men her er meldinga av plata:

CD-utgjeving
«Meditations On Christmas»
Espen Eriksen og Gunnar Halle
Grappa
2010

Gir julemusikk eit nytt løft
Pianist Espen Eriksen og trompetist Gunnar Halle har brukt sommaren til å spele inn sine versjonar av kjende og kjære julesongar. Albumet «Meditations On Christmas» er eit samarbeid mellom to svært lovande jazzmusikarar som på kvart sitt instrument har tatt musikk-Noreg med storm. At dei i sommarvarmen har lagt si sjel i dette julealbumet er lett å høyre.
Dette er eit samspel som gir songane ein heilt ny dimensjon. At duoen står for kvalitet er ikkje nokon overrasking, men dette albumet er så til dei grader gjennomført at ein berre må legge seg attende i godstolen og nyte.
Ikkje berre er det fint på lågt volum, men det tåler i høgste grad også at ein skrur opp volumet og nyt. Ofte med Halle i ein tydeleg og rein ledartone, med grindebuen Eriksen lekande lett i bakgrunnen på sitt flygel.
Innhaldet er kjend. Det er alt muleg frå kjende songar som «Silent night», «Et barn er født i Betlehem» og «Deilig er jorden» til meir mindre brukte songar som «In Dulci Jubilo» og «Lift Up Your Heads, Ye Mighty Gates».
Duoen blir rekna som to av populærjazzens nye stjerneskott. Måten dei presenterer julemusikken på vitnar om både stor tru på eigne ferdigheiter, men også respekt for det tradisjonelle. Spesielt på opningssporet «Silent night» og på alltid like vakre «Deilig er jorden» høyrer ein prov på både ferdigheiter, tradisjonsrespekt og ikkje minst musikalsk teft.
«Meditations On Christmas» er i høgste grad også ei plate for dei som ikkje likar jazz. Måten duoen har spelt inn songane på gjer at ein gong på gong må flire litt av originaliteten. Det er leikent samstundes som det er ro og eit sterkt samspel over det heile. Sjølv om ein kan hende vil vere litt skeptisk til jazzimprovisasjon er dette utført på ein måte som nok vil få fleire til å sette på plata og nyte julestemninga.
Plata, som er i sal frå denne veka, er innspelt i Rainbow studio i Oslo, og det er ikkje lite press som ligg på musikarane når musikken nå skal framførast frå scenen. Det er stundom så vakkert at ein held pusten i vente på Halles trompet og Eriksens velstemte flygel. Korleis det blir med julestemt publikum i salen får tida vise.
«Meditations On Christmas» er noko av det flottaste du kan legge i cd-spelaren denne jula.

Alf-Einar Kvalavåg

Les meir om Espen Eriksen og Gunnar Halle:
https://tysver-bygdeblad.no/2014/08/10/eit-meisterverk/
https://tysver-bygdeblad.no/2015/01/01/melodios-gavepakke/