Tenorane imponerte i Tysværtunet. Frå venstre: Ola Marius Ryan og Aasmund Kaldestad, Steffen Horn og Henrik Hundsnes. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tenorane. Frå venstre: Ola Marius Ryan og Aasmund Kaldestad, Steffen Horn og Henrik Hundsnes. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Visst er det vakkert

I dag slepp Tenorane og Steffen Horn sin nye julesingel «Det var ein gong».

Kvartetten Henrik Hundsnes, Ola Marius Ryan, Aasmund Kaldestad og Steffen Horn har denne gongen valt ein ganske ukjent julesong av søskenparet Solfrid og Kenneth Sivertsen som ber tittelen «Det var ein gong».
Sjølv håper dei at dette er eit bidrag til julefreden, og det kan ein raskt slå fast at det er. Det er vakkert, klokkeklart og stilfullt.
Etter ein intro som kunne lurt oss til å tru at gjengen hadde kasta seg på countryjul, så glir det over til reint solistarbeid med eit enkelt tonefølgje. Her er ikkje nokon forstyrrande element, berre produsent Freddy Holm har lagt på litt forskjellige instrument.
Musikken passar på ein måte perfekt til teksten som er verdt å låne øyra til. Likevel må ein kunne seie at det tidvis går vel sakte når dei tar seg gjennom refrenget.
Tenorane har stemmer som det er ein fryd å lytte til. Likevel må ein kunne håpe og forventa at dei også slepp seg meir laus, slik dei gjer live på konsertane sine. I løpet av dei 4.12 minuttane songen varer, er det ikkje ein einaste plass at dei tar i og viser kva tenorar kan gjere med julesongar. Dette er 100 prosent safe, og alle reinsefilter er skrudd på maksimum. Er det lov å spørje kor dei leikne tenorane, me har sett og høyrt så mange gonger, er? Eit pluss er at denne «reine» framføringa gjer at teksten kjem svært godt fram, og tidvis blir ein sittande å tenkje på julefeiringa både nå og før.
Derfor blir dette eit vakkert innslag i julekatalogen. Problemet er at der er det mykje fint frå før. Nå skal «gutta» få skryt for å ta fram ein song som kanskje nokre har høyrt før med Silje Nergaard.
Likevel må det vere lov å krevje litt meir av slike dyktige songarar.
Live
I desember kjem Tenorane og pianist Steffen Horn tilbake til Tysværtunet. Då dukkar garantert «Det var ein gong» opp. Og det skal bli spennande å høyre kva Horn tryller fram frå klaveret live. Tidlegare har like vakre singlar blitt meir sprudlande på scenen. Det kler Tenorane og Horn mykje betre.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny singel

Ny singel
«Det var ein gong»

Tenorane

Tenorane og Steffen Horn
Henrik Hundsnes, Ola Marius Ryan, Aasmund Kaldestad og Steffen Horn
November 2015
Produsent Freddy Holm