Liv Reidun Hansen har gitt ut ei plate bygd på sorg, men med håp som tema.  Foto: Grethe Nygaard
Liv Reidun Hansen har gitt ut ei plate bygd på sorg, men med håp som tema. Foto: Grethe Nygaard

Vondt blir noko flott

Liv Reidun Hansen har gitt ut ei plate bygd på sorg, men med håp som tema.

– Det hadde ikkje blitt noko plate dersom ikkje mannen min hadde døydd etter ei ulukke i Førresfjorden i mars 2012. Heldigvis overlevde ungane. I det store, svarte rommet etterpå, spurde eg meg kven eg var no, utan han, og svaret har vore å gje poesien og musikken i meg enno meir rom, seier Hansen.
Med det som bakteppe er det sterkt å sitte med plata «Elvemuslingen» i nevane.
Heldigvis er det ei optimistisk plate framført som eit lagarbeid mellom musikarane og Hansen, men med vokalisten Hansen som eit svært viktig element i det å lukkast.
Med Øklandbrørne Nils og Torbjørn i bandet, blir det fort mykje spanande musikalsk å lytte til. Dei har heldigvis fått lov å blomstre. Likevel er det den personlege framføringa av Liv Reidun Hansen som gjer dette prosjektet unikt.
Paul Inge Vikingstad, Halvor Lillesund og Vegard Fossum kompletterer lydbilete.
Allereie på spor to «Berre fordi» kjem Jan Ingvar Toft smygande inn og ein får raskt ein favoritt. Men teksten er sterk og stemma til Hansen er med på å gjere at ein blir sittande å lytte til teksten.
Og tekstane kan sjølvsagt tolkast slik ein vil, men det er fort gjort å bli tankefull når songen «Berre fordi» opnar slik:
«Mørket, som skuggen til eit håp, ein veit jo aldri kva som skjer viss ein ønskjer meir».
Hansen har laga melodiane sjølv, men det er tydeleg at spesielt Torbjørn Økland har fått lov til å vere med på laget og hatt ein gitarfinger og to med på det endelege produktet. Dette er viser som kvar for seg tåler dagens lys. Kor mange og mykje ein skal spele om gongen er ein personleg sak, men dette er fin-fin musikk også å ha i bakgrunnen. Og som Hansen sjølv påpeika.
– Ein må ikkje alltid ha ei meining om alt eg syng om. Det å nyte er like så viktig.
Og til det er dette balsam. Fleire av songane smyg seg inn i øyra på herleg vis. For eksempel songen «Søstre». Økland på gitar, Hansen med herleg vokal. Leikande lett.
«Elvemuslingen» er ei av fleire spanande lokale utgivingar denne hausten. Og det er litt interessant å høyre korleis dei på ein eller anna måte er i slekt musikalsk. For det er litt Vamp, sjølvsagt, litt Okersol, litt Solfrid Molland og meir til i denne plata. Haugalandet leverer og vitnar om at me har mange bein å stå på innan vise og popkulturen. Felles for dei alle er at det er kvalitet som blir servert.
Å låne øyra til «Elvemuslingen» er absolutt verdt å gjere.

Alf-Einar Kvalavåg

Ny CD

«Elvemuslingen»
Liv Reidun Hansen

Skjermbilde 2015-11-24 kl. 13.31.28

Band: Torbjørn Økland, Nils Økland, Halvor Lillesund, Vegard Fossum, Paul I. Vikingstad
Miks: Vegard Fossum
Utgitt: oktober 2015