Jesus, nissen og dei

Det er forlengst jul i lufta og folk spring til og frå butikkar og arrangement, for å komme i den rette julestemninga. Like sikkert som at det blir jul i år også, så har diskusjonane tatt til.

Julegåver, julekalendrar på fjernsynet og det verste av alt; julegudstenestar i skulen.
I Noreg er det slik at me har streke historiske band til det å feire jul. Min generasjon er vaksen opp med å synge for maten og bla i Bibelen i skuletida. Me gjekk forventningsfull til kyrkja på Norheim, vel vitande om at når presten var ferdig, ja så var det juleferie. Om kvelden var det å benke seg framføre fjernsynet og sjå enten adventprogram eller ein eller annan julekalender.
Eg kan ikkje huske at det var verken støytande eller provoserande å gjere dette. Det var ein del av kulturarva som me deltok i, uansett kor sterkt eller ikkje, me trudde på Gud eller Jesus.
I dag er diskusjonar om juleinnhaldet i skulen blitt svært så populært å ha ei sterk meining om. Det er blitt litt kult å seie at ungane ikkje skal gå til skulegudstenester. Joda, ein feirar jul og alt det som følgjer med der, men skulen skal berre være så snille å halde seg vekk frå dette. Det same gjeld også for påsken. Null påskebodskap i skuletida, men ja takk, lang og god påskeferie.
Eg kjenner eg blir provosert, ikkje fordi eg ikkje aksepterer at folk skal få tru på kva dei vil. For det gjer eg. Men eg synst det er begynt å bli ein tone i debatten kor det ein diskuterer ikkje er det viktigaste, men heller det at ein skal ha sterke meiningar for og mot. Som nemnt, det er blitt litt kult å ha ei sterk meining om dette.
Då eg jobba i skulen var det ein far som kom bort til meg og spurte fint om ungane hans kunne få sleppe å lage englar til å henge på juletreet. Dei kunne lage nissar og kuler, men englar var ikkje noko dei trudde på. Dei skulle ha juletre og alt det andre, men det kristne innhaldet hadde dei valt vekk.
Eg husker denne samtalen fordi dette er ein kjent person, og kvar gong han dukkar opp i aviser eller på fjernsynet så blir eg minna på kor forskjellig ein legg vekt på dette med julefeiring. Spesielt nå når det på ny er debatt rundt dette med julefeiringa og spesielt innhaldet i skulen.
At ein storstilt feirar jul, men samstundes fjernar bodskapen og årsaka til at me feirar jul, er vanskeleg å bli klok på. Spesielt når ein ser temperaturen på denne debatten. Den er langt på veg aggressiv.
I vårt land er juletradisjonar, både dei kristne og kommersielle, ein del av vår kulturarv. Det er ein viktig tradisjon, som også er samlande. Ein må gjerne velje seg vekk frå den, men då bør ein gjere det i det stille og ikkje framstille noko som i ei støyande samtid kan vere eit lyspunkt i mange sitt mørke.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør