Rune Holbæk og Jørund Nilsen frå Agenda Kaupang presenterte rapporten som skal gi politikarane eit betre grunnlag for å bestemme kommunestrukturen for distriktet. 
Foto: Mona Terjesen
Rune Holbæk og Jørund Nilsen frå Agenda Kaupang presenterte rapporten som skal gi politikarane eit betre grunnlag for å bestemme kommunestrukturen for distriktet.

Tysvær – den store taparen

Ingen av kommunane vil tene på ei storkommunesamanslåing på Haugalandet. Tysvær vil tape mest. – Betre interkommunalt samarbeid er løysninga, meiner ordførar Sigmund Lier (AP).

Av Mona Terjesen
– Eg har mykje større tru på eit større interkommunalt samarbeid. Det viser seg at særleg Tysvær ville tapt økonomisk på ei samanslåing, me ville også måtte gå gjennom store strukturendringar, seier Lier i etterkant av analyseselskapet Agenda Kaupang si utreiing førre torsdag.
Då var kommunane på «Ytre Hugalandet»; Tysvær, Sveio, Haugesund og Karmøy samla til eit felles kommunestyremøte i Maritim i Haugesund sent-rum.

Betre rusta
Jørund Nilsen og Rune Holbæk frå Agenda Kaupang presenterte på vegne av eit team på fem, faktagrunnlaget (rapporten) som skal gi politikarane eit bet-re grunnlag for å bestemme kommunestrukturen for distriktet.
Det kom fram både fordeler og ulemper. På den positive sida kan ein kommu-ne med nesten 95.000 innbyggarar vere betre rusta til å takle ting som; flyktningsituasjonen, eldrebølga, omstillingskrav, strammare offentlege budsjett, offentleg transport, tettstadsamling, pendling, handelslekkasje, barnevern, byggesaksbehandling og sosialtenester. Distansen mellom instansar og innbyggarar kan bli «sunnare» ved litt større distanse enn i småkommunar, blei det peika på.
– Ein større kommune kan gi betre utnytting av samfunnsressursane, meir kompetanse og kapasitet og meir kommunal tyngde, meiner dei 40 informantane som er intervjua av Kaupang i prosessen. Dei er mellom anna kommune-tilsette, næringsfolk, folk frå NHO, LO og kultur og idrett.
Analysen er også basert på KOSTRA-tal og anna statistikkmateriell.

Les heile saka i papirutgåva