Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad og Ola Marius Ryan leverte ein flott julekonsert i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad og Ola Marius Ryan leverte ein flott julekonsert i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Kjekt å vente på jul

Ventetid i Tysvær er mellom anna julekonsert med Tenorane og Steffen Horn. Med Straumenbuen Henrik Hundsnes i spissen leverte dei ein skikkeleg tenor-julekonsert i Tysværtunet. Den beste nokon gong, meine fleire i salen.

Og det er ikkje lett å kjempe om publikum om dagen. I kveld klokka 18 sto Tenorane på scenen i kulturhuset framføre omlag 110 frammøtte. I kyrkja vegg i vegg var det tettpakka under den tradisjonelle ljosmessa. I går var det fulle hus for Carola i Haugesund, og folk spring meir eller mindre fra konsert til konsert.
Men dei som hadde plukka ut Hundsnes og hans gjeng fekk god valuta for pengane. I ein time og tjuve minutt serverte dei julemusikk frå både den tradisjonelle katalogen, og frå amerikansk film. Stemmene er det ingenting å seie noko på. Heller ikkje pianokunstnaren Horn. Sanggleda er der også.
Kanskje var det eit litt meir trimma innhald som fekk fram skrytet frå dei frammøtte. For her er det gjort grep til det betre. Samansettinga av songane fungerer betre og ikkje minst, det er mindre snakk og meir song. Totalt sett er Tenorane ei oppleving me treng i advent. Med «O, helga natt» og «Deilig er jorden» som følgje ut i blesten, var det mange som smilte litt ekstra nå like før jula tar til.

Meir om konserten i papiravisa.

Julekonsert

«Så ha ei god jul då»
Henrik Hundsnes – song, Ola Marius Ryan – song, Aasmund Kaldestad – song og Steffen Horn – piano
Tysværtunet
110 frammøtte
1,20 timar