Ein blir trekt ein fast sum pr. månad og «vinn» eit bilete kvart 3. eller 4. år til den verdien ein har betalt inn (A-trekninga). I tillegg har ein som bonus ei B- trekning, der alle medlemmar har høve til å vinna kvart år.
Kunstklubben har eit styre på 6 personar. Det er viktig for desse å presentera bilete med stor variasjon og breidde. Etter kvart som styret kjøper nye bilete, fungerer dei som utsmykking i korridorane på Tysvær rådhus.
Kvar haust er det trekning ,25 % av medlemsmassa vinn i A- trekninga og 10% vinn i B- trekninga. Det er like spennande kvar gong kva plass på ein får på trekningslista. Er ein nr. 1, kan ein velja frå øvste hylle. Stort sett er alle er glade og nøgde med biletet dei tek med seg heim.
Årets trekning gjekk av stabelen sist torsdag. Då kom kunstnar Jan Terje Rafdal frå Etne på besøk. Han viste ulike prosessar han jobbar seg gjennom før han kjem fram til det endelege resultatet. Etterpå var det trekning, og alle bileta som har pryda Galleriet i Tysværtunet den siste veka, fekk nye eigarar.
Klubben har i dag 174 medlemmar, men ynskjer mange fleire. Derfor startar ein no ei stor vervekampanje. Denne skal vara ut januar.
Innsendt av Tysvær kommune, «Hegrepaletten»