Døden er også ein jobb. Denne veka har eit namnebyte gitt oss IMI Tysvær Begravelsesbyrå. Frå venstre Dag Vister Hansen, Norfrid Helen Dybdal og byråleiar Sigurd Johan Mevik.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Døden er også ein jobb. Denne veka har eit namnebyte gitt oss IMI Tysvær Begravelsesbyrå. Frå venstre Dag Vister Hansen, Norfrid Helen Dybdal og byråleiar Sigurd Johan Mevik.

Tydeleg Tysvær-avdeling

Med kontor og lokale på Stemnestaden var tida inne for å bli IMI Tysvær Begravelsesbyrå.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Imi Begravelsesbyrå og Haugaland Begravelsesbyrå fullfører nå fusjonsprosessen ved at Haugaland Begravelsesbyrå endrar namn til Imi Tysvær Begravelsesbyrå. Verksemda kjøpte alle aksjane i Haugaland Begravelsesbyrå for nokre år sidan, men valte inntil vidare å vidareføre namnet.
– Namneendringa gjer det lettare for pårørande å vite kven dei vender seg til. Tidlegare har nokre blitt forvirra av å tidvis møte Haugaland-namnet, medan dei i neste omgang har møtt Imi-namnet, seier avdelingsleiar Dag Vister Hansen.
Og med to av fire i staben med adresse Tysvær begynner brikkene å falle på plass for verksemda som har hovudkontor i Strandgata i Haugesund.

Ein jobb
– Her i Haugesund har me tilbod om alt. Likevel er det viktig for oss å vere til stades i Kraftsenteret på Stemnestaden. Mange av våre pårørande kontaktar oss der, og me gjennomfører både dei første samtalane og eventuelt minnemøta der. Likevel skjer det meste her på huset, seier Norfrid Helen Dybdal.
Saman med byråleiar Sigurd Johan Mevik viser tysværkvinna oss rundt i lokala som står fram som svært moderne og tilpassa den nye kvardagen.
– Me kan utføre tenester for alle trussamfunn, og har berre dei siste vekene hatt seremoniar for fleire verdsreligionar her. Me har livsnøytralt avskjedsrom, og den delen av bygget der ein tar seg av klargjeringa av dei døde er også tilpassa for fleire religionar, seier dei to.
Kjølerom i kjellaren
– Dette er kanskje ikkje ein jobb for alle. Korleis er det å vere den profesjonelle i dette?
– Me har stor respekt for den som er død, for dei pårørande og for ønska dei har. Me strekk oss langt for at dette skal bli eit verdig og godt minne. Difor er det viktig at me tar oss god tid, lyttar og prøver å tolke kva som er viktigast i kvar enkelt si sorg. Samstundes er dette ein jobb for oss. Å hente døde personar er ein del av arbeidskvardagen vår. Det kan vere i heimar, på sjukehus, eller på åstader kor også politiet er involvert. Uansett skal me vere der som profesjonelle, seier dei to.

Skilje
Norfrid Helen Dybdal har jobba i verksemda i omlag eit år. I kjellaren i Strandgata gjer ho nærast dagleg klar nye personar som skal til gravferd.
– Eg har ikkje noko problem med den jobben. Men det gjer sjølvsagt noko med deg når det er ungar eller ungdommar som ligg der. Ein kan aldri vere førebudd på alt rundt dette. Nokre gonger går det betre enn ein fryktar, andre gonger verre. Det er klart at me har ein jobb kor det aldri kan nyttast ordet kjekt på jobb, seier ho.
– Korleis held dei tilsette motet oppe?
– Me kan ha det kjekt i saman på den måten at me er opne for kvarandre og kan snakke ut på jobb. I tillegg er me nå ein kjekk gjeng, smiler Dybdal.
– Me må kunne skilje mellom det formelle og det å vere på jobb. Mykje av det me gjer er praktisk arbeid kor me både skal vere kreative og nyskapande. Difor er det flott at me nå har samla alt det praktiske her i bygget. Det er alt får kister, via songar til gravsteinane. Her kan ein sette seg ned i ro og finne fram til det ein ønskjer, seier Sigurd Johan Mevik.
– Er det eit skilje på korleis alt dette skjer om ein tenkjer geografisk?
– Ja, det er det heilt klart. Sidan de kjem frå Tysvær kan me godt bruke det som eit eksempel. Folk i Tysvær held mykje saman i sorga. Dei møter ofte opp i store grupper. Mange vil ta farvel og familiane samlast. Difor er det godt for oss å ha tysværbuar som jobbar for oss, og kontoret på Stemnestaden. Dei kjenner folk og tradisjonane. Me kan også tilby tenester på sjølve Stemnestaden, noko svært mange set pris på, seier Mevik.
Mevik trekk også fram det gode samarbeidet dei har med Tysvær Soknehus i Tysværvåg.

Pris
Døden har sin pris. Litt overraskande er den ingen hemmelegheit i IMI-lokala.
– Me har dei siste åra vore svært opne på kva det kostar med ei gravferd. Difor står det prisar på alt me har her. Me har også lister over kva til dømes ein songar vil koste i ei gravferd og andre valfrie tenester. Ei gravferd kjem ofte på rundt 30.000 kroner. Eg meiner at me ikkje skal halde det hemmeleg for våre brukarar, seier byråleiaren og viser fram eit rikhaldig utval.
– Er det mange som har spesielle ønskjer?
– Mange har ønskjer, men å kalle dei spesielle blir feil. Det skal vere verdig, og det skal visast respekt for den som er død, seier Dag Vister Hansen.
I tillegg til dei tre som viste oss rundt jobbar også Steinar Winje i verksemda. Han hadde helgevakt.
– Me er på jobb 24 timar i døgnet. Slik er det berre. Me skal vere der med ein gong det er trong for oss. Det passar ikkje alltid mellom 08-16, avsluttar byråleiar Sigurd Johan Mevik.