Av Alf-Einar Kvalavåg
I haust blei ho først fungerande, så konstituert og nå fast tilsett skulesjef. For mange i Tysvær-skulen heilt naturleg. I kamp med fleire gode kandidatar gjekk administrasjonen for både kvalitet og det trygge.
– Eg fekk støtte frå rektorane i Tysvær-skulen og då følte eg at eg hadde den ryggdekkinga som skulle til for å seie ja. For meg er samarbeid og lagspel viktig. Me skal gjere kvarandre gode, og utfylle kunnskap på ein måte som gjer at også skulen i vår kommune skal bli god. Me er på rett veg, har gjort gode grep og er offensive i tenkinga på framtida. Tysvær-skulen skal, og er ein god stad å vere, seier Krokedal.
Les heile saka i papirutgåva