– Ikkje nå igjen

Ytre del av Tysvær har hatt ei rekkje med innbrottsraid dei siste åra. Det ser ikkje ut til å ha ein ende.

Tidlegare har tjuvar tatt seg inn i hus kor ingen har vore heime. Denne gongen kom det til ein ny dimensjon.
Ein 28 år gammal marokkanar er tatt av politiet etter ei lang og nesten uverkeleg jakt. I fleire dagar leika han katt og mus med politiet. Det kunne virke som om han var lokalkjend og kunne gjere som han ville.
Men til slutt ser det ut til at han gjekk over ei usynleg grense for kva me finn oss i. Han sto og kikka inn vindauga til folk som var heime om kveldane, og skremte naturleg nok «vettet av dei». I følge vitne var det også han som gjekk og reiv og sleit i dører i Aksdal. Også her medan folk var heime. Han tok heller ikkje notis av at folk hadde alarmar og hundar som bjeffa. Og det raraste av alt, han kjørte på i same tempo sjølv om portrettet hans var på alle oppegåande heimesider som er på Haugalandet.
Likevel er det ein ting eg har merka meg at folk er ekstra skremt av. At kriminelle går og kikkar inn vindauge når dei er heime. At dei kjenner på dører, når det er folk i huset. At det ikkje er noko som helst respekt for privatlivets fred.
Folk som me har snakka med flytta inn hos andre fordi dei ikkje ville vere heime, om han kom og kikka inn til dei. Marerittet var at han skulle stå på terrassen og prøve om dører var låste. At han skulle kikke inn soveromsvindauga om natta når ein sov.
Eg har også snakka med til vanleg heilt avbalanserte folk som begynte å kjøre ungar på trening om kvelden. Dei la seg for natta med lyset på fullt, både ute og inne. Dei meinte advent var øydelagt.
For dette handlar ikkje om at kriminelle stel tinga våre. Dei kan på sett og vis erstattast. Me har lese før om at det verste med innbrott for mange er tanken på at det har vore nokon inne og rota i sakene våre. Nå fekk me ein ny dimensjon rundt dette. Det var nokon som luska rundt i hagen vår, det er noko me ikkje aksepterer.
Difor var det mange som vippa tommelen opp når politiet måndag og tysdag tok tak i saka for alvor. Då dei sendte rubbel og bit av patruljer mot Åkrafjorden. Nok var nok og grensa var som sagt passert for lengst.
Og eg må seie at eg er glad for at me ikkje finn oss i dette. Me bur på ein trygg stad, i ein trygg kommune, i eit trygt land. Men me blir prøvd.
Eg må nemne ein liten ting til slutt. Politiet gjekk ut med bilete og fanga ein person. Var det berre ein person på det filmsnuttet som starta denne jakta på den kriminelle?

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør