– Det gjekk bra å arrangere konsert i Hervik?
– Ja, kvelden blei stor suksess. Nydeleg musikk og fredfull stemning. Johnny Liadal frå kulturkontoret ynskja velkommen. Det var drøyt 100 stk i salen. 20 flyktningar frå motellet, eit aldersspenn frå 4 mnd til over 80 år. Me hadde gjester frå Tysvær, Haugesund, Sveio og Bokn. Me delte ut gløgg, kaffi og pepperkaker. Dette vil me gjere igjen, og gjerne med same artist, seier arrangør Turid Askeland i Hervik ungdoms- og idrettslag.
Nydeleg konsert
Konserten «Fredlig jul» med mellom anna Inger Lise Hope på Ryggjartun blei ein stor suksess. Nå vil dei ha meir.