Kai Peder Birkeland ser lyst på framtida. Verksemda har allereie mange oppdrag klare for 2019. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Team Rynkeby – God Morgon Haugaland har trena i mange månadar fram mot sykkeltu-ren frå Oslo til Paris. I morgon går startskotet for den velgjerande sykkelturen.

Tysvær Bygdeblad er 40 år i dag

Måndag 15. desember 1975 kom det aller første Tysvær Bygdeblad i postkassen. Etter fleire månadar med prøving kom det ut 16 sider med stoff frå heile kommunen.

Mykje har skjedd med både Tysvær og Tysvær Bygdeblad sidan desemberdagane i 1975. Den aller første avisa blei gitt ut av Sværre Mæland (red.), Johanna Larsen (skrivar), Torunn Kringeland, Knut H. Nesse og Konrad Odland. Odd Hemmingstad var hyra inn som medarbeidar.
I den første avisa kunne ein lese om stor aktivitet på Tveit jordbruksskole og på Stegaberg skule. Andreas Stakkestad blei presentert som ny ordførar og det var svaært mange som ville annonsere i den første avisa.

Tysvær Bygdeblad anno 2015 har feira seg sjølv med ei rekkje gratis lunsjkonsertar, stand og diverse konkurransar gjennom året.
Lokalavisa har aldri før hatt ein så sterk posisjon i lokalmiljøet, som det me ser nå. Stadig nye abonnentar kjem til og det er tydeleg at folket vil ha ei eiga «Tysvær avis». Vårt mål er å spegle den aktiviteten som er i kommunen, og den har heller aldri vore større.

Saman med våre leserar skal me sjå opp og framover. Saman er me sterke.

Tysvær Bygdeblad 15. desember 1975

Tysvær Bygdeblad 15. desember 1975

Tysvær Bygdeblad 2015 er:
REDAKTØR:
Alf-Einar Kvalavåg
DAGLEG LEIAR:
Irene Stuhaug Ørke
JOURNALIST:
Mona Terjesen
JOURNALIST:
Karina Søvik
ANNONSEANSVARLEG:
Gro Lothe
ANNONSEKONSULENT:
Anne Marie Rossebø