Espen Eriksen og Gunnar Halle gav alt for det store publikummet i Tysværtunet. Foto: Øystein Simonsen
Espen Eriksen og Gunnar Halle gav alt for det store publikummet i Tysværtunet. Foto: Øystein Simonsen

Fullt hus for julelunsjen

Omlag 150 personar fekk med seg årets julelunsjkonsert i tysværtunet. Og Espen Eriksen og Gunnar Halle leverte varene på ein flott måte.

Med tonane frå «Deilig er jorden» kunne ein ønskje kvarandre god jul.
– Kjekt å få komme til Tysværtunet og spele for så mange. Dette er den lengste og smalaste konsertsalen me har spelt i, sa Espen Eriksen.
Og etter å ha spelt gjennom «Meditation on Christmas» plata si, takka duoen av etter den omlag 40 minuttar lange julekonserten.
Og responsen let ikkje vente på seg. Etterpå var det signeringar og julepreik rundt bordet.

Tysværtunet og Tysvær Bygdeblad vil med dette takke alle dei som har funne tid til lunsjkonsertar i 2015. Me snakkast i 2016.