Kristoffer Froestad og HHK skal møte Sandfjord i storhallen på laurdag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Lørdag er det HHK-Viking i Sysco Arena. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Tøff kamp for HHK

Laurdag klokka 16 kjem Sandefjord til Sysco Arena og møter HHK. Det blir ein skikkeleg test for heimelaget.

Den gamle handballstorheita er ikkje like skremmande som før, men ligg godt til på tabellen før årets siste seriekamp.
Haugaland jagar bak, men slit med å plukke mykje poeng i årets serie.
– Handball er best live, seier Leif-Erik Sandslett i HHK, og vil lokke med skikkeleg action i desse VM-tider.
Sandefjord kjem frå 29-28-siger mot Follo, medan HHK tapte 24-26 mot Kristiansand i sist kamp.
Sandefjord har 14 poeng på 3. plass, HHK har 8 poeng på 7. plass