Vegtrafikksentralen kan i dag melde om stort sett opne fjellovergangar her i vest. Per tysdag føremiddag er det berre Vikafjellet som har problem. Der var det kolonnekøyring, men tilhøva kan brått endre seg.
-Slik er det i fjellet. Veret kan snu i løpet av kort tid. Vårt råd til vegfarande er at dei sjekkar stoda like før dei legg ut på turen. På vegvesen.no/trafikk er det alltid oppdaterte veg- og føremeldingar, oppmodar operatørane ved Vegtrafikksentralen. Dei er på jobb heile døgeret og følgjer nøye med på vêrmeldingane. Du kan sjølve følgje med ved å sjekke nettsida for oppdatert informasjon.
-Skal du ut på tur over fjellet er det lurt å ha med seg litt mat og drikke og rikeleg med drivstoff. Ha og varme klede lett tilgjengeleg og ta høgde for at turen kan noko meir tid enn ein sommardag, råder VTS, som ønskjer alle riktig god tur og ei flott julehøgtid.
På vegvesen.no/jul er det fleire tips til bilistar som skal heim til jul.
Julefjella stort sett opne
Tross dei store nedbørsmengdene den siste tida ser tilhøva i fjella stort sett gode ut i dag, men veret kan plutseleg snu. Vær godt budd om du må over eit fjell for å kome fram til jul.