Tone Hatteland er ny rektor på Førland skule. Ho startar opp den 18. januar.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tone Hatteland er ny rektor på Førland skule. Ho startar opp den 18. januar.

– Gleder meg til jobben

Tone Hatteland (57) er tilsett som ny rektor ved Førland skule. Det er ein jobb ho ser fram til.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Ølensbuen tar til i den nye jobben den 18. januar, men var allereie denne veka på besøk på sin nye arbeidsplass. Etter mange år som lærar i Ølen og Vats reiste Hatteland til Sørlandet og Asdal skole i Arendal. Der har ho dei siste åra vore avdelingsleiar. For kort tid sidan fullførte ho rektorskulen og fann Førland som eit spennande alternativ, når ho nå skulle flytte heim.
– Eg gleder meg til å treffe elevane, dei tilsette og alle føresette på Førland. Eg har prøvd å halde meg oppdatert på det som skjer der, og eg har vore så heldig at eg har fått snakke ein god del med Morten Salvesen, som har vore rektor der den siste tida. Det eg har høyrt gjer at eg er topp motivert til å ta fatt på jobben, seier Hatteland.

Les heile saka i papiravisa eller kjøp den her: https://www.buyandread.com/next/pub.htm?pub=tysvarbygdeblad