Me er godt over 10.000 tysværbuar som nå går inn i ei veke med tradisjonar, vennskap, varme og forventningar.
Vel, dei fleste gjer det. Mot slutten av året er det ein ny uro som har råka Rogaland, og som gjer at det i år er fleire enn på lenge, som er frykteleg spente på kva det nye året vil gi. Dei som ikkje lenger har ein jobb å gå til, og som i løpet av hausten har fått oppleve kva oljeeventyret si mørke bakside fører med seg. Me kryssar fingrane for at me er på botn nå, og at ting vil snu, og at talet på arbeidsplassar vil ta seg opp igjen.
Jula er kanskje den tida på året kor me kjenner mest på det som forenkla kan kallast sakn. Me har i dagens avis ei sak om nettopp det. For medan jula på den eine sida er ein vekeslang fest, er den samstundes for mange ei tid fylt med sorg og sakn.
Eg har sagt det før, og eg gjentar det gjerne igjen i år. Den største julegåva ein kan gi, er ofte å besøke dei som er aleine. Det er dei som sitt heime, og håper at nokon bankar på. Finn dei, og vis at du bryr deg.
Tysværbuen har eit stort hjarte. Det har me sett før, og det har me fått mange eksemplar på dette året. Folk har stilt opp både for dei som har vore utsett for triste hendingar her lokalt, men også då flyktningkrisa kom innover landet og Tysvær i haust. Folk stilte opp. Personleg og både uorganisert og organisert. Uvanleg mange engasjerte seg og viste at me som har det best i verda, også kan finne rom for dei som ikkje har det like godt.
For Tysvær Bygdeblad har 2015 vore eit stort år. Me har feira oss sjølv både som næringsprisvinnarar, og som ein sprek 40-åring. Det er inga 40-årskrise å spore, men me har spenstige planar også i 2016. Me er i dag seks tilsette og når stadig ut til fleire tysværbuar. Mange vil halde på papiravisa, og det gjer det også muleg for oss å satse på nett. Saman med våre leserar, som verkeleg inspirerer oss, kan me love eit sterkt lokalt nyhendeprodukt også i åra som kjem.
Tysvær er på mange måtar ved ei skilje. Det er store slutningar som skal takast i åra som kjem. Kanskje nettopp derfor, er det viktig å ha ei «vaktbikkje» som passar på.
Med desse orda vil Irene, Gro, Anne Marie, Karina, Mona og Alf-Einar ønskje alle våre leserar ei fredfull jul, og eit godt nytt år. Me er tilbake med papiravis den 7. januar. På nett er me alltid.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør