Av Mona Terjesen
Ein føler seg heime i det same ein kjem inn til enkelte. Det kjennest koseleg og velkome i det same ein sett foten innanfor døra deira. Ein kan høyre latteren i veggane, sjå for seg smilande ansikt, og føle gleda og kjærleiken. Slik er det å komme inn til Bodhild Olene og Olaf Hettervik…
Synleg sorg
Me kjem på besøk ein grå førjulsdag. Huset, som ligg i Aksdalsvegen er pynta til jul, både ute og inne. Stemninga er som sagt innbydande, og blir enda meir hjarteleg idet ekteparet Hettervik tar smilande imot oss i døra. Inne luktar det kaffi. Me blir servert rykande koppar i stua, saman med smurte kvitlefser.
Saman med det trivelege er det ei synleg sorg i heimen deira. Frå sofaen kikkar me rett på eit lite bord med to bilde oppstilt. Eit av sonen deira Petter, og eit av barnebarnet Magnus.
Les heile saka i vår papirutgåve