Johnny Torkelsen, 44 år frå Veavågen, blei meldt sakna søndag 10. januar kl. 22.00. Sidan har det vore iverksett leiteaksjon i søk etter Torkelsen. Store mannskap har vore involvert og i dag, tysdag kl. 12.30, blei den sakna funnen omkomme i området ved vestre Veaveg.
Familien til den avdøydde er varsla.
Politiet har ikkje mistanke om at det føreligg noko kriminelt bak dødsfallet, men det vil bli gjennomført rutinemessig etterforsking og åstadsgransking.