Venstre presenterar Torunn Vestbø Gjerde og Narve Susort på toppen av lista si til valet i 2015.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Torunn Vestbø Gjerde og Narve Susort held fram i styret til Venstre.

Susort tok gjenval

Tysvær Venstre hadde sitt årsmøte i går.
Narve Susort held fram som leiar for partiet.

Han fekk med seg Torunn Vestbø Gjerde, Trygve Egge, Ali Alidani og Tora Marvik Kvame i styret.
– Takk til valkomiteen som hadde jobba godt.
Det blei og valde to utsendingar til Rogaland Venstres årsmøte som skal avhaldas i Haugesund første helga i februar. Desse var Narve Susort og Trygve Egge. Torunn Vestbø Gjerde blir og utsending men sitter i styret til Rogaland Venstre så ho har plass hos dei.
Årsmeldingene bar preg av optimisme for ein ny 4 års periode, sjølv om valgresultatet kunne vært noko betre i haust. Torunn og Narve var på Stord sist veke på folkevalgt opplæringa til kommunen og det var to gode dagar med positiv energi og ei tid for å bli kjende med alle dei nye folkevalde i kommunen vår.
Det blei og god tid til drøs, god mat og drikke.

Mvh
Torunn Vestbø Gjerde