Jan Tore Hamnøy er både rådgivar og hovudjeger. Ein dag kan det vere at han jaktar på deg.
Foto: Frank Kongshavn
Jan Tore Hamnøy er både rådgivar og hovudjeger. Ein dag kan det vere at han jaktar på deg.

Utdanning: Ein hodejegar sine tankar

Denne veka har me fleire saker og annonser knytt til utdanning. Her er heile saka kor me utfordra hodejegar Jan Tore Hamnøy til å komme med tilps til dei som skal søkje jobb.

I papiravisa kan ein lese om både vanskelege val, studentar som tenkjer annleis og om diverse studietilbod.
Ein dag kan du bli jakta på av ein «headhuntar». Draumejobben ligg og ventar. Då er det viktig at du har gjort dei rette vala. Jan Tore Hamnøy er ein av dei som jaktar, både for små og store verksemder.
Av Alf-Einar Kvalavåg
I ei tid kor tidlegare trygge jobbar er blitt usikre, og kor framtida kanskje er vanskelegare å spå enn på lenge, er «bagasjen» til dei arbeidssøkande være viktigare enn nokon gong.
Eit av dei store spørsmåla er korleis ein skal få ein CV som tenner dei som tilsett folk.
– Mitt generelle råd til arbeidssøkande og nyutdanna, er å senke forventningane og vise handlekraft. Det er langt betre på ein CV å vise initiativ og være i jobb, enn å gå over ein lengre periode som arbeidssøkande. Initiativ, handlekraft og stå-på-vilje er noko som alle arbeidsgivar ser etter, seier Jan Tore Hamnøy, som driv verksemda rekruttering- og rådgivningsfirmaet HAMNØY AS.

Det er viktig med ein god, gjennomtenkt og positiv profil digitalt.

Ærleg
I dagens digitale verd er det lett å spore dei som søker arbeid. Og ta ein rydderunde digitalt kan vere lurt, før ein søker jobb.
– Det er viktig med ein god, gjennomtenkt og positiv profil digitalt. Opprett ein god LinkedIn-profil og tenk igjennom korleis du opptrer i sosiale media. Det meste er lett å søke på. Presenter og framstill deg sjølv på ein ærlig, korrekt og realistisk måte. Sørg for at CV-en ikkje har faktafeil, seier Hamnøy.
– Mange skiftar jobbar og utdanning, for å få mest muleg erfaring og innblikk i arbeidslivet. Kor lurt er det?
– Kva er hyppig og for hyppig jobbskifte? Det er generelt viktig å vise at ein er uthaldande og tålmodig, og ikkje er ein person som hopper vidare straks rutinane begynner å sette seg. Eg meiner 4-5 år i ein jobb er ein god periode. Dersom ein person skifter jobb fordi vedkommande søker nye og større utfordringar, så er det naturligvis ei god forklaring som ligg bak. Sånn sett kan det alltid vere gode forklaringar bak eit eller fleire hyppige skifter – og det er noko eg som rådgivar er opptatt av å finne ut av.

Skule
Jan Tore Hamnøy ser eit jobbbilete i framtida som inkluderer både det som i dag er kjent, men også vil opne for nye tankar og verksemder. Og tradisjonell tenking er ikkje alltid den beste løysinga.
– Kva skal eg bli og kva utdanning bør eg velje? Det er sjølvsagt eit tusenkronersspørsmål, som det ikkje går ann å gi eit enkelt svar på. Stadig meir i verda blir digitalisert, og teknologi vil spille ei stadig større og viktigare del av liva våre – og dermed gripe inn i stadig fleire yrker og område i samfunnet. Det vil vere mange jobbmuligheiter innan, både teoretiske og praktiske yrker – og det vil oppstå ei rekke titlar og jobbar som i dag ikkje eksisterer.
– Så det er ei blanding av tradisjonelle val, og det ukjente som er i glaskula då?
– Me lever lengre, og blir stadig fleire innbyggarar – og trongen innan utdanning og helse vil vere aukande. Samtidig kan det være smart å tenke utradisjonelt. Kva er du interessert i og kva er du best til?
– Har du døme på det siste?
– Magne Hogneland samla i oppveksten på frimerke og etablerte «Skanfil» i en alder av 16 år. I år fyller selskapet 40 år. I ung alder skapte han sin eigen arbeidsplass og verksemd basert på sin interesse for frimerker. Noreg trengr enda fleire slike gründerar, som ser muligheiter og tar sjansar, der andre følger straumen, avsluttar Jan Tore Hamnøy.