Etter lokalvalet i haust har me fått mange nye lokalpolitikarar i Rogaland, og mange kommunar har fått ny ordførar og varaordførar. Først ute var Suldal i førre veke, mens Sola får besøk i dag. I morgon går turen til Tysvær og Vindafjord.
– Målet er at me skal vita meir om kvarandre etter desse møta, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.
Nyttig og inspirerande
På nyåret i 2014 la ho ut på ein tilsvarande kommuneturné i lag med leiargruppa i embetet. Den gongen var Kleppa fersk fylkesmann og hadde behov for å gjera seg kjent. Nå er det på tide med ein ny besøksrunde. Den førre turneen var både kjekk, nyttig og inspirerande. For Fylkesmannen i Rogaland er det nyttig og viktig å orientera seg om det som rører seg i kommunane. Samtidig er det sentralt å få orientert om kva forventningar me har, på vegner av regjering og storting. Då er arbeidet med kommunereforma eit opplagt tema, men me skal innom alle dei store samfunnsområda me steller med, påpeiker Kleppa.
– Det er svært mange nye folkevalde etter dette valet. Og mange nye ordførarar. Det er avgjerande at me blir fort kjende med kvarandre slik at me sikrar ein god start på eit viktig samarbeid.