Både Tysvær og Bokn vil tene mykje på å slå seg saman. Blir det dei endringane i inntekta som Stortinget varslar, samt sparinga ein får ved felles administrasjonsutgifter, så snakkar me om ei sparing på rundt 10-15 millionar netto per år – dei neste 20 åra.
Av Mona Terjesen
Formannskapa og administrasjonane i Tysvær og Bokn hadde fellesmøte tysdag ettermiddag. Der kom det fram at om inntektssystemet blir endra av Stortinget, så vil særlig Bokn tape stort. Dei vil i andre enden tene godt på å slå seg saman med Tysvær.