Zekiye Nyland klarte imponerande 72 kilo i rykk. Foto: Mona Terjesen
Zekiye Nyland klarte imponerande 72 kilo i rykk. Foto: Mona Terjesen

Ny pers og 2 kilo frå EM-kravet

Zekiye Nyland (25) slo sin eigen rekord under Vestlandsmeisterskapen i vektløfting på laurdag. Likevel haldt det ikkje heilt til ei EM-kvalifisering.

Ho har slite med betennelse bak skuldera siste tida, men klarte likevel å løfte 72 kilo i rykk og 89 kilo i støt. Samanlagt persa 25-åringen med totalt 161 kilo, som gir 228 poeng, under meisterskapen i Tysværtunet. 2 kilo frå EM-kravet.

– Eg har aldri fått så høg poengsum før nei, så det er eg nøgd med. Men det var forferdeleg vondt å støte. Eg får ein ny sjans til å klare EM-kravet under Noregsmeisterskapen, fortel Zekiye etter konkurransen laurdag ettermiddag.

Les mykje meir om Vestlandsmeisterskapen, og treff Tysvær sitt nye unge jentetalent i torsdagens utgåve av Tysvær Bygdeblad.