Aud Irene Eikemo, Bjarne Vierdal og Daniel Strand diskuterer dei store summane som nå er på veg til Stegaberg og Skjold.
foto: Alf-Einar Kvalavåg
Aud Irene Eikemo, Bjarne Vierdal og Daniel Strand diskuterer dei store summane som nå er på veg til Stegaberg og Skjold.

Søderlund-overgang gull verd

Alexander Søderlund sin overgang til Saint-Etienne sørger for store summar inn i klubbkassen til mellom anna Stegaberg og Skjold. Nå kan klubbane sende blomar til ein dyktig dagleg leiar.

Når ein spelar blir seld så skal klubbane han har spelt i som barn og ungdom ha sin del av «kaka». Det gjeld i dette tilfelle klubbar Alexander Søderlund har spelt i då han var 12 til 23 år. FIFA har eigne regler for dette og det er mellom fem og ti prosent av dagens overgangssum, Tysvær-klubbane nå får inn på konto.
Det var dagleg leiar i Skjold Daniel H. Strand, som visste om denne reglen, som strengt tatt burde vore satt i gang automatisk, men som det nå litt tilfeldig gjer at klubbane får inn relativt store summar.
– Summen er dessverre ikkje offentleg, men me har som part i dette fått den informasjonen me treng og har då rekna ut kva me har krav på. For Skjold er det eit femsifra beløp, for Stegaberg faktisk sekssifra. Også Vard og FKH er gjort merksame på dette og for Vard var det ein betydeleg sum. Dette er pengar me ikkje har budsjettert med, og som difor gir oss meir handlerom dette året, seier Strand.

Gåve
For Stegaberg og dagleg leiar Aud Irene Eikemo er dette ei stor gåve, sjølv om klubben tidlegare har mottatt utdanningskompensasjon på Søderlund.
– Nå får me igjen for det gode samarbeidet som er i fotballmiljøet i dei to klubbane. Me krigar på banen, men snakkar godt saman i styrerommet. Me visste det var pengar å hente, men Daniel har gjort jobben for oss andre. Det er berre å takke. Det som er ekstra stas er at me er frykteleg glad i Alexander i Stegaberg. Han stiller alltid opp og han har også lova å komme innom neste gong han er heime. Eg er einig i at dette burde det vore automatikk i, seier Eikemo.

Eg må få lov til å seie at det overraskar meg

Overraska
Leiar i Skjold IL Bjarne Vierdal er overraska over at eliteklubbar ikkje har faste ordningar på dette.
– Eg må få lov til å seie at det overraskar meg. At me som er ein liten breddeklubb skal måtte finne ut av dette sjølv, er ikkje bra. Også forbundet burde vore på banen her. Så all ære til Daniel for ein fantastisk jobb.
– Store summar for klubbane dette?
– Ja, det er det. Me som driv breddeidrett ønskjer å legge til rette for at typar som Alexander skal ha ein plass å utvikle seg. Det kostar mykje pengar. At ein då kan få noko igjen når eit stortalent blir seld er berre rett og rimeleg. Dette er kroner som alle aktive i Skjold vil nyte godt av, seier Vierdal.

Openheit
Sjølv om ikkje Skjold hadde fått behalde alle pengane som nå blir utløyst, om dei andre klubbane ikkje hadde fått eit tips, så er det freistande å spørje Strand kvifor han har ringt rundt.
– Eg er ein stor tilhengar av openheit. Eg håper og trur dei andre også ville ha tipsa oss, om dei hadde komme over ein slik sak. Nå håper me at Håvard Nordtveit blir seld for ein stor sum før overgangsvindauge blir stengt, smiler Daniel Strand, garantert ein populær herre i både Vard og Stegaberg.
– Og det beste er…?
– Nå når eg har funne ut av dette, ser eg at det er meir å hente. Det er ti års foreldelsefrist i slike saker.