Det er i bygg og anlegg det er flest ledige i Rogaland. 882 personar knytt til dei bransjane er registrert utan arbeid.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Talet på ledige går nedover. I Tysvær er det likt som i fjor.

156 helt ledige

Tysvær har 156 helt ledige ved utgangen av januar. Det er 2,8 prosent av arbeidsstyren og 16 flere enn i fjor på samme tid.

Arbeidsløysa auka i januar og ved utgangen av månaden står 12621 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Dette er 5556 fleire enn for eitt år sidan. Rogaland har den høgaste prosentvise arbeidsløysa i Noreg.
– Normale sesongmessige variasjonar tilseier ein auke i arbeidsløysa ved årsskiftet. Når dette fell saman med at det i haust var mange varsla driftsinnskrenkingar frå oljerelatert næring, industri og bygg- og anleggsnæringa slår dette tydeleg ut på arbeidsløysestatistikken, fortel fylkesdirektør i NAV Rogaland, Truls Nordahl. Sist arbeidsløysa var på omlag same nivå var i januar 1995.

Bruttoarbeidsløyse
Summen av dei som står heilt utan arbeid og dei som er i arbeidsretta tiltak gjennom NAV utgjer bruttoarbeidsløysa. 14109 personar (5,5 prosent) står enten heilt utan arbeid eller er i eit arbeidsretta tiltak gjennom NAV i Rogaland.
Kven er dei arbeidslause?
Av dei 12621 personane er 4111 kvinner og 8510 menn. 4815 (38 %) av dei 12621 som no er heilt utan arbeid har vore registrert som arbeidssøkar i meir enn seks månader. Arbeidsløysa i Rogaland er størst blant unge mellom 20 og 29 år og i aldersgruppa 30 – 39 år.
Arbeidsløysa har auka i alle yrkesgrupper det siste året. Det er innan industriarbeid, bygg- og anlegg og ingeniør- og Ikt- fag at arbeidsløysa er størst. Dette gjeld både i talet personar og i prosentdel av arbeidsstyrka. Det er og mange heilt arbeidslause innan reiseliv og transport, butikk- og salsarbeid og serviceyrker og anna arbeid. Over 20 prosent av dei heilt utan arbeid er frå Aust-Europa, og dei fleste av desse har jobba innan byggbransjen og innan transportbransjen.
Store kommunevise variasjonar
Det er store variasjonar i arbeidsløysa mellom kommunane i Rogaland. I Suldal er berre 1,0 prosent av arbeidsstyrka heilt utan arbeid, medan det i Haugesund er 6,3 prosent av arbeidsstyrka som er i same situasjon. Lund kommune har ei arbeidsløyse på 9,5 prosent, men dette skuldast i hovudsak etterverknader etter flaumen i desember.
Samanlikna med januar 2015 er auken i arbeidsløysa størst i Sør – Rogaland. Stavanger har no ei arbeidsløyse på 5,0 prosent, Sandnes 5,8 prosent, Sola 5,3 prosent og Eigersund 5,3 prosent.

1874 ledige stillingar lyst ut i Rogaland i januar
– Med ei stor auke i arbeidsløysa er det bra at det framleis vert lyst ut ledige stillingar i alle yrkesgrupper. Dette seier noko om at arbeidsgjevarane i Rogaland stadig har behov for arbeidskraft, seier Truls Nordahl. I januar vart det lyst ut 1874 ledige stillingar i Rogaland. Det er ein nedgang på berre 12 prosent samanlikna med same periode i fjor. Flest utlyste stillingar i januar er det innan helse, pleie og omsorg (725), industriarbeid (253) og undervisning (189).