– Uværet som herjar viser at det er behov for Nedstrandsferja. Sambandet Arsvågen – Mortavika har vore stengd fleire gonger denne vinteren. Når uværet herjar og sambandet må halde stengd i mest eit døgn, ja då synest det rart at Rogaland Fylkeskommune vil leggje ned ferjetilbodet til Nedstrand, skriv Tysvær-ordføraren i ei pressemelding.
Det er fleire som på sosiale media har gått hardt ut mot fylkeskommunen som ikkje ser det gode alternativet med med Nedstrand-sambandet.

Behov for Nedstrandsferja
Ordførar Sigmund Lier synast det er rart at ein vil legge ned Nedstrandferja, når ein ser at ferjesambandet over Bokn stadig blir stengt.