Av Alf-Einar Kvalavåg
– For oss var det svært viktig slik konkurransen er blitt med nyetablering av Coop i nærområdet vårt. Mange av kundane me har kombinerer handel med å gå i posten. Kva som hadde skjedd om me nå hadde mista den tenesta tør eg ikkje tenke på ein gong, seier butikksjef Petter Mortveit.
I 10 år har Spar Frakkagjerd vore postkontoret for ytre del av Tysvær. Mange av dei tilsette har kursa seg og blitt godkjent som postoperatørar.
– Me ser dei siste åra at stadig fleire kjøper pakkar via nettet. Til jul, og rundt «Black Friday», hadde me fleire konteinarar ståande fulle i pakkar. Slik var det ikkje før. Å ha post i butikk tar tid, og me ser at dei fleste kundane nå er begynt å venne seg til at alt skal registrerast og sorterast før me kan dele ut pakkar og brev. I tillegg er det ein del banktenester, som tar tid, seier Mortveit.
Les heile saka i papirutgåva.