Det er 16. gang trekkspillklubben gjester kulturhuset og billetter er like vanskelige å få tak som Lotto-gevinstar.
Og når ein sitter der i salen, samen med det trufaste publikummet, så skjønner ein kvifor. Lommetørkla var framme allereie på første song «Vigelandvalsen». Og derfrå gikk det bare ein veg. Oppover. Latter og smil. Omtanke og litt alvor. Hand i hand. I år igjen.
Og i posane låg det CD-plater og DVD. Slik det skal være.
To ganger fullt hus
Det er ikkje mange som kan matche Lindesnes Trekkspillklubb når det gjelder publikumstekke. Fullt hus klokka 15.00. Heilt fullt klokka 18.00. Og stemninga er elektrisk.