Ein viktig kamp

For dei som les andre lokalaviser enn Tysvær Bygdeblad på Haugalandet, så har ein mediesak tatt mykje plass den siste veka. Det gjeld ein debatt rundt to av dei største merkevarene i vårt distrikt.

FKH og Haugesunds Avis.
Og det er på mange måtar ein viktig debatt, og ein debatt som kanskje nå vekker ein del av dei nyheitshungrige.
Det er langt frå noko nytt at verksemder, politiske parti eller idrettslag ønskjer å vere først ute med sine nyhende, i sin versjon på heimesider eller i trykte publikasjonar. Det stiller sjølvsagt krav til lesarane om kor truverdig det av og til kan vere, og me har fleire døme på at saker me har hatt på trykk, i ettertid har komme i ein «meir tilpassa» versjon på deira eigne heimesider. Akkurat det er det lite å gjere med.
Dei aller fleste me omgås med har lite å skjule, dei tåler omtale i gode og dårlege tider. Dei ringer oss ikkje akkurat ned, når noko er galt, men dei aller fleste står oppe også i motvind. Me håper, og trur det er fordi dei stoler på oss.
Men om det skal bli slik framover at viktig informasjon frå til dømes kommunen eller store lag og foreiningar, skal silast ut og sendast gjennom utvalte mediekanalar, så bør varselklokkene ringe. Ikkje berre hos oss, men også hos deg som lesar.
Og det er her Haugesund Avis nå har fått ei stor utfordring. Om merkevaren FKH vel å informere sine eigne mediekanalar om det som skjer, for så å la resten av nyhende- og sportsredaksjonane finne saker der, har me tatt eit langt steg tilbake i det opne og elska medielandskapet me alle er ein del av. Og kva når saker i Haugesund Avis ikkje samsvarer med det som står i FKH sine nyheitskanalar. Kven skal ein tru på då?
På ein måte er det litt godt for saka at dette har sitt utspring frå FKH. For dei er noko dei fleste på Haugalandet har eit forhold til. Det er ei verksemd som til dei grader er avhengig av lokal entusiasme. Det gjeld innan lokale verksemder, som sponsar dei for store summar. Det handlar om å få folk til å komme på kamp, og det handlar om framsnakking av eit produkt som til dei grader handlar om patriotisme.
Og denne patriotismen blir bygd gjennom dekning. På Tv, i radio og i aviser. I veldig mange aviser og eksterne kanalar. All form for innsnevring av pressefridomen vil bli tatt på alvor. Ein vil med ein gong lure på om det ligg noko bak. Og, noko som også er svært urovekkande sett frå vår ståsted, er dette den framtida me ønskjer innan norsk presse?
Svaret er nei. Difor er kampen og debatten redaktør Einar Tho og Haugesunds Avis nå tar, viktig for langt fleire enn sportsredaksjonen i Haugesunds Avis. Det er ein debatt som fort handlar om ein truverdig informasjonsflyt frå samfunnsviktige aktørar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør