Av Alf-Einar Kvalavåg
Det er feil å seie at dei som driv butikkane i dagens senter blei overraska når nyhenda kom om at det er det gamle senteret ein vil modernisere og bygge ut. Dei aller fleste me har snakka med ser på det som svært realistisk, samstundes som dei er klar over at det er mange spørsmål, som nå krev svar.
– Eg meiner dette er realistiske planar, men det er sjølvsagt heilt avgjerande for oss, at me tidleg får vite kva som skal skje vidare, og kva det eventuelt vil koste å vere med i det nye senteret. I utgangspunktet er me positive til å vere med vidare. Me har vore ein del av senteret i mange år, og har slett ingen planar om å gi oss. Likevel blir det nok til slutt eit spørsmål om kvadratmeterpris, seier Wenche Blikshavn Dirdal i Aksdal Bok og Papir.
Les heile saken og få fleire kommentarer i papiravisa